Yoga for gravide

Lesson description

Velkomen til dette online kurset med yoga for gravide.

Då vi måtte stenge ned pga korona i mars 2020, laga eg undervisninga på video slik at dei som gjekk på kurs fekk fullført kurset på den måten. Desse videoane tilsvarer den undervisninga eg/vi har hatt på våre kurs for gravide i mange år.

Start med å bruke videoane i nummerert rekkefølge. Ta deg tid til å høyre introduksjonane første gangen. Seinare kan du hoppe over introduksjonane. Videoane er laga slik at du lett kan hoppe vidare til neste seksjon.

Yoga er en behagelig måte å trene kroppen sin på når du er gravid, men yoga er meir enn det. På våre kurs lærer du også korleisdu kan bruke yogastillingar til å øve deg på å oppleve smerte på en god måte. Du lærer korleis pusten hjelper deg til å være avspent og du lærer ein god pusteteknikk du kan bruke under fødselen. Kurset er eit forløp med progresjon. Vi starter med enkle øvelser som er nyttige for gravide. Yoga styrker og mjuker opp kroppen. Øvelsane løyser på ein varsom måte opp for unødvendige spenningar. Velvere er noko av det første man merker som ein verknad av yoga. Nokre yogaprogramm er meir krevande og nyttige med tanke på å komme i god form til fødselen.

I løpet av kurset blir ulike temaer tatt opp som smerte, pust, avspenning, fødestillingar og trening av bekkenbunnen. PÅ den siste videoen blir heile fødselsforløpet gjennomgått med veiledning om korleis du kan bruke det du har lært som nyttige verktøy under fødselen.

 

Yoga for gravide - 1. gang

  • 01:20:08
  • 0%
Nybegynner yogaprogram, meditativ pust og avspenning.

Instruksjon: Audhild | Elev: Lise | Varighet: 1 time 20 min

Denne videoen er introduksjon til kurset med eit kort program med begynnerøvelsar som er gode for sirkulasjonen i beina, i armane og skuldrane. Du lærer soløvelsen tilpassa gravide, bølgepusten, den meditative pusten som er veldig nyttig når du skal føde og til sist ei avspenning. Ta deg tid til å høyre introduksjonen til kurset og til den meditative pusten første gang du ser videoen. ?